fredag 25. desember 2009

Chrissy


Slik feirar dei jul på Bondi Beach i Australia. Far away from pinnekjøtt, surkål og jolesnø. Julafta er eit einaste stort beach party frå morgon til kveld, og 1. juledag består av chrissy brekky barby (altså grillmat som julefrukost) i hagen. Litt rart å tenke på at juletradisjonane er totalt ulike frå dei vi har her heime. Ja det var dagens "vi ser tilbake på livet i Australia" hjørne. No, lat oss konsentrere oss om livet her heime. I mellom spysjuke og andre uhyggelege ting, fekk ein også tid til å lage til jul, og jammen blei det ikkje jul i år også!


God jul til dokke alle:)

tirsdag 15. desember 2009

tirsdag 24. november 2009

La det svinge la det rocken roll


Det var med tungt hjerte at eg i mai 2009 gjekk glipp av Norges siger i Eurovision Song Contest finalen, grunna opphald på den andre sida av jorda. Og eg gjekk også slik glipp av, for å sei det med Anders Johansen sine ord, ei viktig fellesoppleving i nasjonen sitt liv. Dette har eg irritert meg over i lang tid, og har difor valt å ta med meg denne erfaringa til eit høgare nivå. Rett og slett heilt til masteroppgåva mi. For eg skal skrive om Eurovision Song Contest som mediehending og korleis Norge viser seg fram for resten av Europa i mai 2010. Så den finalen skal eg i allefall ikkje gå glipp av.

torsdag 29. oktober 2009

Friskt og lett





Det var ein gong tre søsken som gjekk til Svarteknibba for å hente ein post som hadde blitt liggande. Den eine tråkka opp spora, den andre heldt oppe humøret, og den tredje gjekk bakerst å sukka. Men opp kom vi tilslutt. Kanskje dette kan få deg i julestemning? Hu hei kor er det vel friskt og lett, oppå fjellet!











Staute kara!

søndag 11. oktober 2009

Forskningnyheiter

På ei forelesning i kvantitativ metode her om dagen lærte vi korleis vi skulle lage, eller kanskje helst korleis vi ikkje skulle lage spørreskjema. Eit døme som førelesaren brukte på sensitive spørsmål var dette:

I det siste har det vorte meir vanleg å drepe konene sine. Har du drept kona di?
- Ja
- Nei
- Veit ikkje

I tillegg fekk vi lære at (sitat forelesar og diverse slides):
- Forskning er mykje meir grisete enn dette.
- Ungar blir voldelege av Sesam Stasjon (ja det er vel dokka generasjons Bare-tv!)
- Dei som pussar tennene sine køyrer tryggare (overskrift i VG)

Tilslutt spurde han oss om nokon hadde spørsmål med tanke på masterprosjekta våre. Då ingen sa noko utbraut han: Dokke lever alle i dokka personlege helvete? Okay, greit.

Så sånn går no dagane...

Våren



Det kanskje mest nytta samtaleemne av dei alle er jo været og årstidene. Å snakke om været tyr ein til i så mange situasjonar, og ved mange høve kan det å snakke om været vere eit teikn på at ein kanskje ikkje har så mykje anna å snakke om. Difor kan det synast litt meiningslaust og ta opp nettopp dette temaet på ein blogg som denne. Men no har det rett å slett gått så langt at eg ikkje har noko val lenger. For ein vårelskar som meg er det tungt å svelgje at eg gjekk glipp av årets vår. Hausten er fin den, bevares, men det er liksom noko eige ved våren. Lukta, lydane, den gode stemninga. Det er liksom nachspielet, medan høsten er nachspielet. Og skal eg vere heilt erleg, er eg ikkje så fryktelig glad i nachspiel. Ein kan likegodt gå heim og legge seg og vente på vinteren. Eg inser no at det siste året, for mitt vedkommande, berre har bestått av høst, seinsommar og aldri så lite vinter. Til og med 17. mai var i år på høsten. Men fatt mot: våren vil nok igjen vise seg, og GU ko flott den då kjem til å bli!



Haust i henholdsvis mai og oktober, type Melbourne og Bergen.

torsdag 24. september 2009

Lisensmannen

Å jada eg var for allmennkringkasting, NRK og sjølvsagt lisensen. Men det var før lisensmannen i eigen person sto i døra (Hei eg er frå NRK (tada, drar eit ID-kort opp av jakka)) og krevde å komme innanfor. Desse kronene skulle han no saktens få, det er ikkje det. Men å bli tatt så kraftig på senga. Å så så slu. Plutselig hadde han berre invitert seg sjølv inn i gangen og lurt til seg namnet og personnr mitt ved å først sei at eg ikkje trengte å sei det, så ved å late som om det var kjemperart at eg ikkje svarte når han spurte om det. Og eg som trudde eg ikkje var lettlurt.
Kven er det som vil ha denne jobben då? Snike seg inn til folk tross deira sterke motstand, lure ut av dei opplysningar og gje dei ein rosa lapp for så og gå igjen. I eit svak augneblink syns eg difor litt synd i fyren og prøvde å rette på samvitet og sjølvkjensla ved å forklare at eg egentlig var for lisens, og tross alt studerte medievitenskap. Dessuttan trudde eg at når du hadde boks så hadde du boks og då var du automatisk registrert som lisensbetalar.
Sjølv om eg ikkje ville ha noko ståandes på meg, eg eig verken tv, boks, hus eller fjernkontroll fekk han både namn, fødselsdato og nr. Og viss han hadde spurt om passnummer hadde han sikkert fått det og.
Men alt i alt har eg i grunn vore nøgd med å betale min lisens. Ja til nynorsk, ut i naturen, folkemusikk, nyheiter på tegnespråk og Gudsteneste kvar søndag liksom. Men så kom Karsten heim og kunne fortelle at han allereie betalar lisens. Og det var då eg mista motet. Blei skeptisk. Kva er det de driv med NRK? Har de begynt med lugubre metodar og luretriks? Prøver de å melke dobbel lisens ut av allereie betalande brukarar? Lure naive studentar som alltid har vore trufaste mot statskanalen? Har du kanskje vore på kurs hjå sleipe fetter 3 eller hengt litt for mykje med di rappkjefta umodne veslesøster nr 2?
Ikkje gå på ein smell no. Vær så snill.